Kolbeinshamn i Austevoll

 

Et naturlig stoppested på vestlandet.

Overnatting og gjestehavn
Telefon : +47-55 08 55 08

125 års jubilanten PDF Skriv ut E-post
På Huftarøya i austre kanten
ligg handelshuse som er 125års jubilanten.
I dag skal det feirast med brask og bram,
dei som har dreve handelen fram.

Soga fortel oss, at i gamal ti,
kom det ein Kolbein her forbi.
Så lenge vart han at plassens navn,
seinare vart heitande Kolbeinshamn.

Potetbåter sør i fra Bremnes og Fitja,
ofte tok innom og havna her vitja.
Som kremmerhavn låg den og lagelegt til,
når dei drog til Bergen med pote og sild.

Status som skysshavn hadde plassen her lenge,
ei ståve vart bygd, for dei som det trengde.
Etter dagevis sigling og roing på sjø,
kunne her dei seg kvila og kjøpa seg brø.

I 1868 me av ettersåga ser,
den første som løyste Handelsprivilegium, var han Per
Han var mannen som kom i rette stund,
Per Monsen nor i fra Hummelsund.

Av Haukanes folkje han sjøte fekk,
og overtok plassen med odel og rett.
For 400 Dalar han gav dei i hand,
fekk han rett til gar og sjø og strand.

No Peren hadde både gar og hus,
han budde ikkje lenger i skur.
Difor, no han siglde til Gola i nor,
og henta seg heim at brur.

Og fra denne tia i 1869,
vart kåna butikk inventar.
Og seinare har dei som her kom til,
motta jobba til liks med ein kar.

Etterpå kom han Anders fra nor,
utvida og bygde seg heim så stor.
Sonen hans Anders, som heitte Per
som framleis drive butikken her.
Han Anders er og ein duganes kar,
ein arv han har i fra mor og far.

Hybelhus, Båthavn, Kaffe og Butikk,
Anders og Turid dei trivest med slikt.
Derfor vill me alle ropa i kor,
eit hurra for Anders og Turid-mor.
Det er dei som fortsatt på denne kanten,
skal driva vidare Jubilanten.

  

Hallvard Bertin Birkeland
 

Begivenheter

Det er ingen hendinger i kalenderen
Vis kalenderen